Forlaget skriver om denne boka: "Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk.
Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne& Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.. Sigmund Løvåsen (f. 1978) er frå Trysil, har gått på forfattarstudiet i Bø og studerer ved Universitetet i Oslo."