Kulturlandskap, jord- og skogbruk er ramma for tekstane i Sigmund Løvåsens første diktsamling. Det handlar om å dyrke, så og hauste, om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Frå kvardagslege observasjonar av skogsarbeid, gards- og familieliv strekker tekstane seg langt i både tid og rom: Vi møter eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år, og vi møter linerla på tunet, den som for litt sidan hakka på pyramidar og kamelmøkk i Egypt. Med øksene dei haustar inn plasserer lesaren tett på naturen, dyra, fuglane og årstidene. Gjennom mytestoff, draumar, observasjonar og refleksjonar stiller boka grunnleggjande spørsmål omkring vår plass i landskapet og blant dei andre artene.
Kva er menneskas plass i landskapet, og bland dei andre artane her på kloden? I desse dikta teiknar forfattaren opp bilete av menneske og natur i gjensidig påverknad, med bilete av skogsarbeid, gardsarbeid og familielivet slik det har vore gjennom lange tider. Lesaren møter også naturen i form av linerler, som reiser mellom Noregs gardstun og Egypts pyramidar, og eiketrær som har kara og frødd seg nordover gjennom Europa over fleire årtusenar. Sigmund Løvåsen har give ut fleire romanar, men dette er forfattarens fyrste diktsamling. Omtalen er utarbeidd av BS.