Eli kunne ikkje hugse at Dokketrine ikkje fantes. Mamma sa at ho fekk henne i gåve ein gong pappa kom heim frå sjøen, men helst trudde Eli at Dokketrine hadde vore eit frø inni magen hennar. Dokketrine er bestevennen til Eli, og dei er alltid i lag. Så flytter Jonas inn i nabohuset, og etter kvart skjønar Eli at ein verkeleg ven stiller andre krav til henne en ei dokke.