Forteljinga om kva som kan hende dersom ein sit i ein lenestol for lenge, er kort, rytmisk og humoristisk. Romund sit i ein slik vidunderleg deilig stol, og kvar dag er det ting han kunne teke seg til, som å fiske, klatre i fjellet eller finne seg ei dame. Men sjølv ikkje å hente avisa orkar han; stolen er for god. Teikningane gjev liv til Romund og katten hans, med humoristiske detaljar som kommenterer soga og legg til små sidehistorier. Streken passar fint til stemninga rundt Romunds ungkarsliv. Eide, 2002. [30] s., kol.ill. Ill.: Kristian Finborud. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).