Forlaget skriv om denne boka:
I hagen bak huset heng huska. Der sit Julia. Ho har sete mykje i huska denne sommaren. Aleine. Ho har gynga. Og ho har tenkt. Mykje og lenge. No er det haust. Stine har sagt at ho ikkje skal innbille seg noko. Julia har hørt Stine seie det til dei andre og. -Julia er så innbilsk, har ho sagt. Det er verre når nokon seier slik om deg enn til deg. Det svir.