Denne sommaren er Lisa og mor hos mormor og morfar, for mormor er sjuk og vil gjerne ha dei nær seg. Det er vanskeleg med sjukdommen til mormor. Ho har kreft, og må få behandling, som gjer henne trøytt og sliten. Det er uvisst om ho vert god att, og Lisa skjønar ikkje heilt korleis det er med denne kreften som er så vond å snakke om.
Men Lisa og mormor får også ein god sommar. Binna får fine kvelpar, og Lisa plukkar blåbær med mormor. Dei søte bæra smakar av sol og sommar og livsglede, og då hausten kjem, og Lisa tenkjer på mormor, då ser ho henne med blåbærsaft på leppene.