Lilleputtspelaren Odd er ute for å selje lodd for fotballgruppa. For ikkje å hamne på reservebenken må han helst selje like mykje som dei andre gutane på laget. Men det bur mange rare folk langs den mørke vegen, det er langt mellom husa, og når som helst kan brøyteplogen komme. Refleksen snurrar seg fast i lomma, så kvart hus blir ein fristad. Det erlikevel eitt hus som Odd gruar seg for å gå inn i.