Eit lite grantre kjem til skogen og deler tida i to: før og no. Før, i den naturlege tida, hadde alt som hende også hendt før, og det fanst ein forståeleg grunn til at det hende. Men no, i den unaturlege tida, kan kva som helst hende. No må trea vere budde på nye og overraskande hendingar heile tida. Dei kan aldri meir kjenne seg trygge på at det ikkje plutseleg kan hende noko fælt og framandt, noko ingen har sett før og ingen kan forklare.