Forlaget skriver om denne boka:
Odd har spegla seg mot baksida av ei spiseskei og begynt å lure på om han er heilt som han skal.
Bestevennen Per Tore stenger seg brått inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen. Han trur det kviler ei forbanning over han. Det skjer jo så mange ulykker der han er!
Da vil mor til Per Tore at Odd skal snakke med han. Men Odd er ikkje så flink til å snakke, han må hjelpe til på anna vis.
Med seg sjølv og andre som innsats, bestemmer Odd seg for å sette den innbilte forbanninga på prøve.
Så får det gå som det går.
Og det gjer det.