To tenåringsgutar fotograferer ein mann idet han gjer noko ulovleg. Etterpå prøver dei å presse pengar ut av han. Per Tore trur det blir lett, men Odd er redd for at dei skal få meirsmak, for at dei skal bli kjenningar av politiet, for at dei skal bli umenneske som bygda må arrangere dugnad for å bli kvitt. Romanen viser kva som kan hende når ungar ikkje får reise på sommarferie. Zoomarferie er ein frittståande oppfølgjar til Den som ikkje har gøymt seg no, ei bok Kolerud fekk Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris for. Boka blei også nominert til Brageprisen.