Forlaget skriver om denne boka:
Handlinga i denne romanen går føre seg i framtida, der byen Bergen er utvida innover i Fløifjellet. Patrik Øksnes lever av å halde foredrag som broren Paal har skreve. Foredraga tek opp ulike samfunnsspørsmål og alternative måtar å sjå verda på, samstundes vil Paal gje dei ei litterær form som kan verke vekkande på tilhøyrarane. Dei to brørne er gift med Mina og Beatrine som saman styrer organisasjonen FRIE KVINNER, ei rørsle med base på garden der Patrik og Paal vaks opp.
Patrik utvikler etter kvart ei tru på at han sjølv kan skrive, at han ein dag vil gå sine eigne vegar. Så kjem spørsmålet om Martin Rombergs død opp att. Kva skjedde tre år tilbake, då Romberg forsvann? Patrik vert trekt inn i eit drama han ikkje er i stand til å kome ut av, der alt endeleg ser ut til å dreie seg om han.