Forlaget skriver om denne boka:
Ei skakande hending på Hurtigruta får forfattaren til å reflektere over motsetnaden mellom Platons lære og moderne teoriar om kaos og slump.
I Athen kjem han på sporet av Sokrates. Men forureininga i byen er stor. Temperaturen går opp. Lufta blir stinn av ein ubestemmeleg stank. Og det er tid for refleksjon over Heideggers forfallshistoriske tolking av vesterlandsk filosofi og kultur.
På ferda vidare til ei italiensk øy i ein gammal båt melder Nietzsche seg. Først er han sjøsjuk. Men så blir han gripen av eit veldig raseri mot Sokrates. Adorno dukkar opp med ei tolking av Homers forteljing om Odyssevs, og blir meir og meir lik Heidegger eller omvendt. Attende i Athen går forfattaren inn i straffesaka mot Sokrates og tolkar det som skjer ved hjelp av Hegel. Han kommenterer øgså ei rad andre tolkingar og undrar seg storleg over mangelen på interesse for samfunnsteori og mentalitetshistorie hos filosofihistorie-skrivarane