Forlaget skriver om denne boka:
Maska bak andletet er ei ny samling essay av filosofen og forfattaren Jon Hellesnes. Som i tidlegare essaysamlingar viser Hellesnes korleis filosofisk innsikt kan brukast til å fortolke og forklare den verda vi lever i. Dei ulike essaya kretsar mellom anna om:
. vanskane med å føregripe framtida
. storbyens sjel
. sentimentaliseringa av media
. sjølvpresentasjon
. vondskap og person leg ansvar
. Hitlers esoteriske program
I mangfaldet av tema som boka inneheld, finst det samstundes ein overordna tematikk som verkar samlande: Kva slags fenomen er mennesket, og kva for vokabular treng vi for å ta vare på den menneskelege eigenarten? I tråd med dette handlar det siste essayet i boka om disiplinen filosofisk antropologi, som dreier seg om nettopp dette spørsmålet.Jon Hellesnes er professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, og ein av våre fremste essayistar.