«Ballongferda og andre skriftstykke» åpnar med refleksjonar omkring ein barndom under okkupasjon, sivil motstand og etterkrigstid. Vidare følgjer essayistiske undersøkingar av minne og gløymsle og av fabulering versus faktaorientert memorering. Siste del av boka er via ein serie samfunnskritiske skriftstykke om marknadsliberalisme, nedbrytinga av natur, kultur og siviliserte livsformer, og ikkje minst om nihilismen som breier seg i vestlege styringselitar.
Boka startar med forteljingar om ein barndom under okkupasjon, sivil motstand og ei etterkrigstid med oppgjer av ymse slag. Det kjem så essayistiske undersøkingar av minne og ymse former for gløymske og av medviten fabulering versus faktaorientert memorering. Komikk og refleksjon, dikting, filosofi, autonomi, estetikk og samfunnskritikk blir tema. I siste delen av boka følgjer ein serie samfunnskritiske skriftstykke om marknadsliberalismen, om nedbrytinga av natur, kultur og siviliserte livsformer, og om nihilismen som breier seg i vestlege styringselitar. Det heile tonar ut i meditasjonar over antikk livsførselsfilosofi og epistlar av Lucius Annæus Seneca som døydde under keisar Nero.