I denne boka gir Jon Hellesnes ei framstilling av Descartes si tenking i lys av dei enorme kulturelle verknadene ho har hatt. Dermed kan boka gi ein av nøklane til filosofihistoria. Hellesnes stiller seg kritisk til anti-kartesianismen i vår tid. Dette synet går ut på at Descartes har prega den vesterlandske kulturen på ein avgjerande måte, at verknadene hans har vore skadelege, og at dei som ikkje kjenner til Descartes, blir offer for han. Utan å ane det blir dei styrte av dei kategoriane han har påført kulturen vår: Det gjeld å dekonstruere Descartes!
Boka har og ein biografisk del, der viktige handingar i livet til Descartes blir skildra.