Har det alltid vore snakka norsk i Noreg? Kor mange språk er det i verda? Kvaer slektskapen mellom Børge og Jesus? Kva kan Hitler, Filadelfiakyrkja og Adidas ha sams? Korleis har dei svake verba over tid vist seg å vere dei sterkaste?
Bramfri, neger, offentleg, lødig - kva er rett bruk og kva er det språklege opphavet til slike ord? Kva er eigentleg ein bokstav og kvar kom helvete, biskop, advokat, kandaharbindingen og dollaren frå?
Språkoraklet Sylfest Lomheim, kjend frå NRK-programmet «Språkteigen», gir svar på enkle og meir innfløkte sporsmål om ord, vendingar, språkblomstrar, slang, pressespråk, bannskap, lånord og arva ord, framandord, dialektar og etymologi.
Ei humørfylt og tankevekkjande handbok.