I Språkreisa inviterer Sylfest Lomheim på ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav. Han guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnorsk gradvis gjekk over til å bli norrønt, som vikingana tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia støtt har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov. Han peikar òg på dei utfordringane som norsk møter i ei globalisert verd der det i snitt døyr eitt språk annakvar veke.
Denne mangfaldige framstillinga av språkhistoria vil fryda både ihuga språkelskarar og dei språkinteresserte som ønskjer å vita meir om språkutvikling. Bli med på ei spennande språkreise!