Den jødiskbaserte kristendommen og den greskbaserte myteverdenen er de to viktigste linjene i den vestlige kulturhistorien, skriver forfatterne av denne boka. De to sterke tradisjonene utgjør de rikeste kildene for språk og forestillinger i Europa. Her får vi historier om ord og utrykk fra bibel og mytologi. Tekstene viser hvordan mange av uttrykksformene som er i bruk i dagligtalen i vår tid, kan ha lange og spennende historier bak seg. Boka har tekst på både nynorsk og bokmål.
Adam og Eros er to ord som summerer opp dei to viktigaste linjene i den vestlege kulturhistoria — den jødiskbaserte kristendommen og den greskbaserte myteverda. I røynda er vår vestlege kultur bygd på desse to sterke tradisjonane. Dei utgjer dei to rikaste kjeldene for språk og forestillingar i heile Europa. Vi i Vesten står på to sivilisasjonsbein, det eine er Bibelen, det andre er mytologi.
Denne boka ønskjer å illustrera dette forholdet og fortelja historier om ord og uttrykk frå bibel og mytologi. Tekstane viser at mange av desse seiemåtane somer høgst levande i daglegtalen i vår tid, kan ha lange og spennande historier bak seg. Dei har djupe røter ned i det jordsmonnet Vesten har vakse fram på.